Profesjonell minnesamling
Dette er ei kursside for deltakarar i Memoars profesjonsutvikling.
Vi bygger eit lag av profesjonelle minnesamlarar i Noreg.
Samling 1.
Presentasjonsrunde: Kven er vi - kva er planane/ambisjonane til kvar av oss?
Hovudtema 1: Poenget med å samle munnleg historie. Innleiing og diskusjon.
Oppsummering av problemstillingar vi treng å diskutere meir.
Litteraturliste
Samling 2:
Sidan sist: Refleksjonar og erfaringar.
Hovudtema 2: Forteljaren (intervjuobjektet). Kven treng vi å intervjue? Kva for motivasjon treng ho/han? Erfaringar med kva slags motivasjon forteljarar gjerne har? Er ho/han truverdig? Maktforhold i intervjusituasjonen. Etikk.
Oppsummering av problemstillingar vi treng å diskutere meir.
Litteraturliste
Samling 3:
Sidan sist: Refleksjonar og erfaringar.
Hovudtema 3: Intervjuaren (oss). Kunsten å lytte. Medvit om hangups, kvite felt og nåler på kartet. Tillitsforhold i intervjusituasjonen (Sjølvtillit, tillit til forteljaren og å gjere seg fortent til forteljarens tillit). Kunsten å frigjere fri forteljing. Framdrift og rekapitulering. Førebuing, emneord og spørjelister.
Oppsummering av problemstillingar vi treng å diskutere meir.
Litteraturliste
Samling 4:
Sidan sist: Refleksjonar og erfaringar.
Hovudtema 4: Formidlaren (oss og andre): Primær-, sekundær og tertiærkjelder. Etikk (presseetikk, forskingsetikk, museumsetikk, arkivetikk, litterær etikk). Creative commons lisensar. Forteljaren og formidlarens ytringsfridom. Verkshøgde og opphavsrett. Formidlingsmedia - primærkjeldenes publiseringssider, prosjektrapportar, attforteljingar, kuratering av samlingar og utstillingar, bruk av enkeltintervju og samlingar i nye verk (bok-, film-, lyd-, teater-, kunstprosjekt)
Oppsummering av problemstillingar vi treng å diskutere meir.
Litteraturliste
Samling 5:
Sidan sist: Refleksjonar og erfaringar.
Hovudtema 5: Oppsamlings av tema vi blei samde om å kome tilbake til. Dette temaet må planleggast etter gjennomføring av dei fire fyrste samlingane. Vi må ta høgde for at vi treng meir enn ei samling til dette.
Hovudtema 6: Evaluering av gjennomførte intervju og/eller formidlingar.
Litteraturliste
Samling 6:
Sidan sist: Refleksjonar og erfaringar.
Framhald hovudtema 5 og 6.
Kursevaluering - kva bør endrast til neste gong?
Utdeling av kursbevis.